Onsdag 14 Februar
Kl. 19:00 - 21:00, Gran bibliotek, Skolegata 3, 2750 GRAN
Prof. Unn Røyneland om "Det norske dialektlandskapet"
Er du interessert i dialekter, kan du onsdag 14. februar ta turen til hovudbiblioteket i Gran og lære meir. Då kjem professor i nordisk språkvitskap og fleirspråklegheit Unn Røyneland for å halde foredrag for oss om dette spennande emnet. I fjor haust kom det ut ei oppdatert utgåve av boka «Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter», av Brit Mæhlum og Unn Røyneland. Førsteutgåva frå 2012 er no oppdatert med eit nytt kapittel om norsk som andrespråk og lydeksempel på forskjellige dialekter; Dialektprøver som vi får høyre eksempler på. Unn Røyneland skriv slik om fagområdet sitt: «Eg arbeider innafor områda sosiolingvistikk og dialektologi, og er interessert i språkbruk på sosiale medium, dialekt og migrasjon, språk- og dialektkontakt, ungdomsspråk, språkhaldningar og språkendring. I forskinga mi har eg særleg vore opptatt av dialektbruk, både munnleg og skriftleg, blant unge språkbrukarar, og av framvekst av nye måtar å snakke norsk på i fleirspråklege bymiljø. Eg er dessutan oppteken av korleis språk blir brukt, oppfatta og debattert på nett og i media.» Etter foredraget sel Norli Hadeland «Det norske dialektlandskapet», og Hadeland dialekt- og mållag sel bokverket «Hadelandsdialekta». Billett får du kjøpt for 100 kr på www.kulturhadeland.no og ved inngangen.

Foredraget er ein del av Hadeland Litteraturforum sin foredragsserie denne vinteren om fagbøker, med økonomisk støtte frå Fritt Ord.

Arrangør er Hadeland Litteraturforum, i samarbeid med Hadeland dialekt- og mållag og Gran bibliotek

Sjå FB-sida til arrangørane

2024 © Jevnaker Frivilligsentraler